Ferja Folgefonn har no i fleire dagar gått fram og tilbake i fjorden og lista seg inn i ferjestø både på Hodnanes, Jektevik og her på Huglo. Utan å vera i trafikk. Dei som meiner dei har greie på det, seier at ho trenar på å gå inn i hamn på autopilot! Og sidan me veit at alle endringar vert gjorde for å kutta kostnader og vinna anbudsrunda, er vel dette òg eit ledd i innsparinga. Dei kan vel kutta ned på mannskap sidan autopiloten kan gjera manns arbeide, sjølv om me må tru at ferja framleis må ha ein ansvarshavande på brua.
Men: vert ferjeruta billigare, vert det vel mindre ferjeavløysingspengar når det regnskapet skal gjerast opp? Altså at ferja vert billigare i høve til brua (nesten) alle håpar på?