Her heng Arne si røykesild og ventar på at gauken skal gala. Han gler seg fælt, og tenker på alle han skal dela silda si med. Her hang det røykesild i fjor og óg året før. 18 spensel. Og Arne gjekk til og frå og gnei seg i nevane og venta på gauken. Både i fjor og i forfjor, akkurat som i år. Så var det ein dag for 2 år sida at han kom på sin vanlege tur for å beundra silda si – og der hang det 3 – tre – spenslar att. Dei andre var vekk. Ved nærare ettersyn fant han eit spensel på golvet, med merke etter små tenner. Og ei vannski over silda hadde vore nytta som minkdo. Aldri før har minken vorte kalt så mange ting som ikkje egnar seg på trykk.
Det søte lille dyret hadde leika linedansar bortetter tauet silda hang i! Arne miste apetitten på dei tre spensla som framleis hang på snora.
Så neste år, i fjor, skulle han lura den vesle traven. Han tetta alle dei hola han fann som minken kunne koma inn gjennom. Og han nytta streng for å henga opp delikatessane. Å balansera på hesjestreng var nok meir enn ein mink kunne meistra. Arne gjekk i fast rute til naustet, beundra silda si, gnei seg i hendene og venta på gauken. Heilt til han lærde at streng ikkje er nokon hindring for ein mink. Fleire kallenavn på minken som ikkje egnar seg på trykk!! Og ingen røykesild med kalde potetar det året heller.
I år heng det 21 spensel røykesild på naustet. Og Arne går til og frå og beundrar silda si. Og ventar på gauken skal gala. I år har han kledd heile nausttaket på innsida med presenning. Det skulle vel halda den vesle tjuven ute. Eller . . . ? Den som lever, får sjå. Gauken er enno ei stund unna.
Oi, Oi, Arne. DU må eta den opp, det var “før i tida” ein måtte venta på gauken.