Sigrunn Røssbø har sendt oss dette innlegget:
“Spørsmål til alle som er innom Huglo.no:
Er det ein idé med ei eiga side for lesarinnlegg på Huglo.no? Altså utanom dugnadsprosjekt-opplegget. Det sistnemnde er fint, men mange synest kanskje dørstokken er litt høg når målet er å “gjera huglo.no til Norges beste nettstad”, sjøl om dette sjølvsagt er humoristisk meint. Eg forstår dugnads-prosjektet slik at det skal vera bidrag med korte eller lengre artiklar, gjerne (helst?) illustrerte, om spesielle emne eller hendingar, nyhende eller lenger tilbake i tida, som knyter seg til Huglo. Og dette har sjølvsagt alltid interesse. Eit mogeleg behov for ei lesarinnlegg-side eksisterer likevel kanskje i tillegg til dette. Ei slik side måtte vera både for born og vaksne, sjølvsagt. Skule-elevane kunne t.d. her koma fram med ting dei er opptekne av. Det trong ikkje spesielt ha noko med Huglo å gjera, heller, alltid. Ideelt sett burde kanskje innlegga vera under fullt namn, men treng dei det? Redaksjonen må i alle tilfelle “velja og vraka”, kutta ut mogelege innlegg som ikkje høver på trykk. Er dei gode nok, skulle det vel vera greitt med psevdonym. Kva meiner lesarane? Treng me ei debatt-spalte på huglo.no?
Sigrun Røssbø”
Utsikt frå Haukanes. Foto: Hedvig Flornes