Jon Olav har, etter at han hadde sendt den førre e-posten, snakka med Hans Christian Tveitsme i Norled (som tide sjø no heiter) og har etter avtale med han sendt ny e-post:
“Eg viser til tidlegare e-post sendt 16.12.11 og telefonsamtale 03.01.12.
Ferjeavgang frå Jektevik kl. 15.40 etter gamal rute, før 01.01.12, var den ferjeavgangen som 19 arbeidsreisande og 3 elevar i vidaregåande skule frå Huglo brukte for å reisa heim etter endt arbeidsdag. Samla er det ei gruppe på 22 personar frå Huglo som dagleg dette året brukte ferjeavgangen 15.40 frå Jektevik, og dette var vårt einaste reisealternativ. Alle sluttar arbeidsdagen sin kl. 15.00, både vidaregåande skule og arbeidsplassar. Ferjeavgang 15.40 frå Jektevik var ok for oss. Kjøyretida frå Leirvik er 15 minutt og 15.40-ferja passar. Tidlegare gjekk denne ferja kl. 15.30, og det høvde ennå betre.
Dei ruteforandringane som har skjedd med 15.40-ferja, har alle gått i vår disfavør, frå 15.30 til 15.40 og no 15.50, og gjer det mindre attraktivt å bu på Huglo og arbeida og gå på skule på
Stord.
Arbeidsreisande frå Tysnes har no fått eit nytt reisealternativ frå 01.01.12 i ferjeavgang 15.20 frå Jektevik som går direkte til Hodnanes og er der 15.30. Derfor ser ein at mange frå Tysnes reiser heim med 15.20-ferja frå Jektevik.
Av dei arbeidsreisande på ferjeavgang 15.50 frå Jektevik utgjer dei 22 personane frå Huglo ei stor passasjergruppe, og no ein større andel sidan mange arbeidsreisande frå Tysnes reiser med ei tidlegare ferje, 15.20. Derfor vil me be om at Huglo vert prioritert og at 15.50-ferja kan gå direkte til Nordhuglo frå 1.mai 2012. Då vil me vera på Nordhuglo 16.05 som tidlegare.
Me har full forståing for at elevar frå Fitjar vidaregåande skule må ha ei korresponderande ferje. Vårt forslag om direkteferje til Nordhuglo frå Jektevik 15.50 tek omsyn til det.
Mvh John Olav Heggland
På vegne av elevar i vidaregåande skule og arbeidsreisande frå Huglo”
Då er kanskje siste ordet sagt i denne omgangen og me får venta og sjå kva som skjer 1.mai?