No er det berre å innsjå: Hausten er her. Men med den mykje godt: Kosekveldar med vener og levande ljos, kanskje fyr på utepeisen når veret tillet, og så kan me hausta av markens grøde. Det er mindre sopp i år enn i fjor, men litt er det no, hjortejegarane gjer sitt beste for å skaffa oss kjøt til hjortegryta (den hadde huglo.no oppskrift på forrige haust, berre leit litt under “Mattips”) – og til hjortegryta smakar det fortreffeleg med rognebærgelè. Sjølv om dei heng høgt, er ikkje gelèen sur når du lagar den etter oppskriften du får på hugla-sida i dag.
Del dette innlegget