Huglo ungdomslag vil takka alle som var med å støtta Huglo ungdomslag gjennom 2014.
Ynskjer du å støtta laget ved å kjøpa medlem/støttemedlemskap for året 2015 ?
Kontingent kr 100, kan betalast til kontonr. 3520 57 46844. Hugs namn på den som meldar seg inn.
Hugs at du kan også støtte ungdomslaget gjennom Norsk Tipping sin grasrotandel.
Hugs også smalahovefesten 17.januar!
Årsmelding Huglo Ungdomslag 2014
Styret har i 2014 hatt følgjande samansetning:
Janne Eikeland – leiar
Jon Olai Bruntveit – nestleiar
Angunn Eikeland – skrivar
Kristoffer F. Sortland – kasserar
Are F. Sortland – styremedlem
Mariell Rundheim – 1. vara
Åsmund F. Sortland – 2. vara
I 2014 har Huglo Ungdomslag hatt 31 medlemmar. Jon Olai Bruntveit har vore utleigeansvarleg og Gaute Haukanes har vore revisor. Styret har i løpet av 2014 hatt 2 styremøter og har jamleg kontakt via intern facebook gruppe.
Smalahåvefesten vart gjennomført 25.januar på tradisjonelt vis. Det var ca 85 innbetalande og tidlegare Noreg yngste country artist ”Hawk” spelte. 11.oktober vart det duka for Havrettsaften. Som vanleg godt oppmøte både på tilrigging og festen. Tre dugnadsgjengar var i sving: ein i ungdomshuset, ein på skulen og ein i garasjen til Jon Olai på Nordhuglo. I tillegg var dei fleste samla i ungdomshuset på fredagskvelden til pådekking og skrelling av akkar. 100 innbetalande, god mat og musikk av Olav Eger Hesjedal Halvorsen.
Ungdomshuset har gjennom året vert utleigd til diverse arrangement. M.a. møter, kafé, konfirmasjon og barneselskap.
I haust vart det oppdaga ein vannlekkasje i veggen mellom badet og kjøkket. Skaden vart reparert på dugnad av John og Lars Haukanes. Ventil på varmtvannstanken er skifta. Ungdomslaget har vore på utkikk etter nytt biljardbord, men har ikkje lukkast i å finne rett bord til rett pris.
Ungdomslaget vil takka alle som støttar laget via grasrotandelen. Dette er midlar som kjem godt med til vidare drift av laget og ungdomshuset.
I året som kjem vil ungdomslaget halde fram med sosiale arrangement samt tilrettelegge møtestad for ungdommane. Laget ønskjer at ungdomshuset vert brukt og at det skal være stad der ungdommane kan samlast for å spele biljard og bordtennis, sjå film, høyre på musikk og vere saman.
Styret er godt nøgd med året som har godt, og me vil takke alle som har stilt opp på ungdomslaget sine arrangement i 2014.
Referat av Angunn Eikeland.