I dag tidleg var det mindre enn sju snøflekkar å sjå frå Huglo, på Storafjellet. Då er det etter gamalt greit å starta badesesongen. 12 varmegradar i vatnet i Huglavikjo er kanskje berre for dei spesielt interesserte? Men det kjentes godt med ein avkjøling i den varmen me hadde i dag.
Og så gjel gauken i lia, så då er lubbesilda i spekje. God fornøyelse!