Klokka elleve fredag skulle mjølka komme med ferja. Noko den ikkje gjorde. Senarioet gjekk føre oss, 17.mai utan kremfløyte! Wenche sette seg i telefonen , etter å ha vorte sendt rundt frå den eine til den andre utan eigentleg å få noko skikkeleg svar fekk ho nummeret til ein i Haugsund. Mannen i Haugesund hadde no ikkje peiling, men lova å ringe opp at når han hadde funne nokon som hadde det. Etter ei stund ringde han opp att, historia han fortalde kunne like gjerne vore ei røvarhistorie. Bilen med mjølka vår hadde vorte stolen i Haugesund! Tjuvane hadde no vorte tatt i Stavanger. På sin veg til Stavanger hadde tjuvraddane stelt for rundt 3 millionar kroner! Det var no ei som var å lessa på nytt i Bergen og mjølka vart lova i løpet av dagen. Kremfløyten var redda, so no kunne 17.mai berre kome!
Tekst: Hilde Eikeland