Frå kommunen møtte einingsleiar Roy-Sverre Amundsen og prosjektleiar Carl Ove Larsen. Frå Huglo var berre 4 huseigarer representert, pluss andre interesserte, tilsaman 10 personar..
Nå har det gått eit år sidan kloakkrenseanlegget på Nordhuglo var klårt frå kommunen si side. Det står igjen at huseigarene knytt seg til det kommunale anlegget – noko dei sjølv må kosta. Då er det sjølvsagt ei føremon at dei som skal same veg, samarbeider om felles røyr der dette er høveleg.
Sist møte vart huseigarene dette gjeld, delt inn i tre grupper, med kvar sin koordinator. På noverande møte vart det sagt at koordinatoren skulle samla huseigarene i si gruppe, og koordinatoren skulle ta initiativ til at det vart laga planer og henta inn anbud på arbeidet. Ingen av koordinatorane var tilstades på møtet i dag, og ingen av gruppene hadde samarbeida om planer. Kommunen har sagt seg villig til å sponsa arbeidet med den private delen av kloakkanlegget ved å vera sakkunnig og rådgjevar i planarbeidet.
Konklusjonen på møtet i dag vart at når dei tre gruppene har fått samla seg (kvar for seg), kan ei og ei gruppe ha møte med kommunen og konsulentfirmaet Tufteland for å få prosjektert anlegget for gruppa og få innhenta anbud. Kvar gruppe må fastsetta ein framdriftsplan.
Alle huseigarene (heilårsbolig) er pliktig til å kobla seg til det kommunale anlegget. Alternativet til frivilligheit er pålegg. Det er muleg å søkja kommunen om økonomisk tilskott dersom prisen for den enkelte vert “uforhaldsmessig høg”.
Det vart reist kritikk over at innkallinga ikkje hadde gått ut til den enkelte huseigar. For framtida går innkalling til møte på SMS.