Mykje arbeid ligg bak eit eksklusivt måltid

Rapport frå hummarfisket:

Vind, bølger, piskande regn.  9 teinevak fiskas inn frå gyngande båt, teinene halast inn i båten ei etter ei, ein einaste hummar, fin og stor og med masse rur, så hun hadde hatt skalet sitt lenge og var sikkert full av mat.  Og utrogn.  Plask, så lever hu sitt glade hummarliv i hòla si.  Og den heilt nye flytedressen begynner å gje etter for regnet, både knærne og baken kjenns våt, inni dressen.  Trøysten er at naboen heller ikkje får hummar.  Og spaninga er der jo, så det vert nok teinehaling imorgon og.  Sjølv om dressen ikkje er helt tørka.

Vert det totalfreding, vert det mange år til me ser eit måltid som på biletet.