Huglo.no er stolte av å meddele at Gjertrud Eikeland frå Huglo fekk seniorprisen i Stord kommune. Det var komitèen for næring, miljø og kultur som vedtok seniorprisen samt målpris, kulturpris, eldsjelpris og kulturstipend. Her kan du sjå kven som fekk dei andre øvrige prisane og omtale til kvar pris.
“Eg vart nesten stum” sa Gjertrud om seniorprisen som vert delt ut i kulturhuset på Stord 29. november.
Dette skreiv komitèen i omtalen om seniorprisen:
– Gjertrud Eikeland, for at ho er aktivt med over alt og spreier livsglede og humør på ein framifrå måte. Eikeland er til dømes medlem i Stord pensjonistforening og er fast pianist på alle lagsmøta. Det vert også framheva at Gjertrud jamt og trutt deltek på tilstellingar ved ulike eldre- og sjukeinstitusjonar både i Stord og Kvinnherad. Ho er ei kvinne som arbeider i det stille for å gjera kvardagen ljos og god for sine medmenneske.
Dette er det nok mange som kan kjenne seg att i! Med sine 78 år reiser ho jamt og trutt ut til Stord for å gleda seg sjølv og andre. I 8 år har ho bidrege til sang og musikk på sjukeheimen, først i lag med pensjonistkoret, og seinare, på tross av at pensjonistkoret gav seg på grunn av høg alder, spelar og syng ho framleis kvar mandag til stor glede for sjukeheimen. Annakvar tirsag spelar og syng ho på Knutsaåsen. “Elles spelar eg no litt “hist og pist”, seier Gjertrud til huglo.no sin utsendte. Alt dette på tross av at ho ikkje kan ein einaste note! “Eg ser dei går opp og ned”, svarar ho om nokon spør om ho treng notar.
På Huglo har ho i åravis vore med på det meste av det som måtte vere. I korpset prøvde ho seg som kornettist, men fekk snart høyre av dirrigenten at “du får nok ta stortromma du Gjertrud”. Og i det svært lokale koret Emmaus syng ho andrestemme. Ellers er ho så godt som med på alt av arrangement på Huglo, så sant ho ikkje er på reis. Mange gratulasjonar til denne spreke dama!
Gratulera so masse!!
Ditta va skikkelig koselig, og fortjent!! :)
Herlig dama!! :D
Sååå gøy! Gratulerer Gjertrud :D
Gratulerer med den velfortjente prisen Gjertrud!
Hilsen en av de åtte i “Emmaus”.
Willy
Gratulera så mykje, Gjertrud! Dette fortjente du virkelig! Du er alltid så positiv, kjekk og i godt humør!
GRATULERER SÅ MYKJE GJERTRUD!
DU ER OG BLIR EI SOLSTRÅLE!!!
KLEM FRA KARIN
Gratulerer!
Du fortjente det virkligt!!!:-D
Gratulera! Veldig enig med komitèen :-)