Albert Eikeland og Lars Gøran Svendsen er hyrt inn til å betra vegen på Huglo. No held dei på å grave frå ferista og opp til fotballbanen på Nordhuglo. Arbeidet vil pågå nokre dagar, så me vil oppfordra alle til å rekna seg god tid til ferja.
Sjølv om det er blitt ein vane å køyra over humpane i Hagale brekka, er vel vegen på Huglo etter kvart rimeleg klar for litt “shining”. Den kalde vinteren i fjor sette tydelege spor etter seg i vegbanen. Etter det me høyrer skal vegen utbedras fleire stader på øya, og kanskje blir det i tillegg rydda tre og buskar langs vegen. Og kanskje kanskje kjem det nytt veidekke langt fram i tid.
Alltid kjekt å treffe på Albert og Lars Gøran, to blide karer som jobber godt sammen. Og når en ser de langs Huglovegene blir det jo ekstra kjekt for da er det jo som regel noe positivt som skjer på øya.Håper vi ser dere lenge lang veiene på Huglo!
Willy