Ingri Hammer flytta til Huglo i fjor sumar med sitt blide og imøtekommande vesen. Eg lurte på kva ho har gjort på før ho kom til øya og kor ho kjem i frå. Og det fekkk eg vite.
Ingri har jobba som lærar i mange år, men før det jobba ho innan landbruket med sau og kjøttfe. På fritida har ho holdt på med hundekøyring og husflidsarbeid. Ingri er født og oppvokst i Fana utanfor Bergen, men har bodd mange år på Østlandet. Da ho gjekk av med pensjon i fjor vår vart det mogleg å flytte tilbake til Vestlandet og hennar røtter. Oldefaren til Ingri var prest på Stord, hennar morfar vokste opp på Stord og mor til Ingri gjekk på lærarhøgskulen på Stord.
Ingri seier det er godt å kome attende til Vestlandet – til både naturen og folket.