Ein fin tur for dei som ikkje vil gå langt, og ikkje reisa med båt til Tveitøyane, er turstien til bronsealdergravrøysa og neset nedafor. Du kan sykla frå ferjekaien, ta til høgre på toppen av bakken, der det står skilt med pil: “GRAVRØYS”, og vidare til parkeringsplassen ved hyttene. Eller du kan kjøyra bil og parkera der det før i tida sto ein kennel, på venstre side av vegen, før du kjem ut på Hommandeneset. Då er det kort å gå til enden av vegen og der ta av til høgre på den merkte og godt rydda stien. Ved bronsealdergravrøysa er det informasjonsskilt. Etter å ha fått ein historieleksjon, kan du fortsetja dei få metrane ut på neset. Har du med fiskestang, har du god sjanse til å få eigenfiska fisk til middag. Eller vil du heller grilla pølser? GOD TUR!
Del dette innlegget