Onsdagar kjem det varer til Huglabutikken. Vel og bra, det er berre det at varene kjem med ferja klokka 19.20, og sjåføren vil tilbake med same ferja! Så kvar onsdag kveld er det dugnad på butikken for å få lossa varene og få dei under tak i ein fart. Kva skulle Huglabutikken gjort utan ein villig dugnadsgjeng? I sumar, som jo er høgsesong for mykje varer både inn og ut, var det fleire hender tilstades når ferja kom. Men den heilt faste og trufaste er han på dette biletet.