Tradisjonell opning av julegata og tenning av julegrana utafor Huglabutikken – berre kaldare enn vanleg. Men ikkje regna det og ikkje blåste det, korpset spela til fingrane omtrent fraus fast i instrumenta, John hadde fyrt opp omnen og Gløggen var både god og gjorde godt.
Ca. 45 store og små huglarar hadde møtt fram for å opna adventstida saman. Gløggen var så god og rikeleg at drøsen kunne vare ei lita stund etter at korpset hadde pakka saman og varmde fingrane vel fortjent. No kan me gå heim og starta
juleførebuinga, julestrida er opna!

Vinterkledd korps laga førjulstemning
- Kaldt? Neida, sjølv om nesa vart litt raud.

Førjulsstemning på kaia

Takk for innsatsen, Huglo skule korps!
- Godt kledd musiker
- Valborg ausa opp med raus hand

Desse to hadde luer av sibirsk mink mot kulda