No har 1. Lucifer og 2. Diana flytta inn i verdas fyrste Popp-opp hus! Lucifer stirra lenge på huglo.no sin utsende, men til slutt fekk eg lov til å snakka litt med Diana.
Og ho er vel nøgd med det nye huset sitt, bygt av 3 seksjonar á 25 m2, altså med buflate på 75 rutemeter. Eit par små vatnlekkasjer vart retta raskt, boda er ikkje ferdig ennå, og sjølv har ho ikkje fått alt på plass, men ho og Lucifer har funne seg godt tilrette. Varmepumpa (ikkje standard i huset) står på svakt, og det er inga problem med å halda heile huset varmt. Den andre varmekjelda er golvvarme i det store kombinerte vaskerommet og badet. Her er det dusjhyrna, god plass til badekar, men det har ikkje Diana. På moderne vis er stova og kjøkenet i eitt, berre delt av med ein halvvegg. Huset ligg sånn til at ho har sol nesten heile dagen, med veranda utanfor stova i heile bredden av huset. Her skal Diana og Lucifer slikka sol til sumaren – trur dei optimistisk.
Og alle forskriftene er følgt opp: Her er installert ventilasjonsanlegg i det vesle huset – som ikkje kan stå på meir enn kanskje heilt svakt, for ellers kjenner ein trekken og det susar så ein mest ikkje kan snakka saman. Og på badet stikk det ut røyr både i golv og vegg og inne i eit skap på veggen, for då kan Diana sjå om ho har vannlekkasje. Og varmepumpa måtte inn av di forskriftene krev to installerte varmekjelder, sjølv om Diana helst berre ville ha ein elektrisk omn fyrste vinteren og så bestemma seg for om ho ville ha vedomn. Forskrifter er viktige! Men huset er er akkurat det Diana treng, seier ho, stort nok og varmt og rimeleg.
Prosjektet er vellukka, og har vore til tosidig glede; Både Diana og tømrarlinja på Stord Vidaregåande er nøgde. Elevane har gjort godt handverk og dei har heilt sikkert lærd mykje den tida dei har jobba med huset. Når kjem det neste Popp-opp huset? Og kanskje eit stort nok til ein barnefamilie?