Med stort og smått var det vel 20 personar som vitja “Vestlandets flytande litteraturhus” då bokbåten låg ved kai i 2 timar 12.mars. Der fants eit imponerande utval av bøker, særleg for born, som fekk med seg bøker både til høgtlesing og til å lesa sjøl. Denne gongen hadde Epos med seg ein profesjonell forteljar, Liv Brita Brodal, som med heile seg fortalde eventyret om Guten som gjekk til Nordavinden – han som ville ha att mjølet som vinden hadde ståle frå han på stabburstrappa. Veldig moro å oppleva ein som verkeleg var alle personane – og vinden – eventyret vart gjort heilt levande. For moderne born hadde det vel vore eit ekstra pluss om duken hadde kunnet laga tacos, men kakao og skillingsbollar er heller ikkje verst. Og jammen er me glade for at Huglabutikken ikkje sel mjøl i laus vekt, så mykje vind som me har her!