Populær Huglamesse

Det var gledeleg stor interesse for Huglamessa!  Kombinasjonen av fint vér, gode kaker, varierte produkter for salg og høve til å treffa kjente, gjorde at gymsalen var full av blide folk både bak utstillarborda og ved kaféborda.  Ca. 110 signaturer i gjesteboka lovar godt for ei ny messe om to år igjen.  Gledeleg er det óg at alle generasjonar på Huglo var representert med produkt, aldersspennet var fra 8 til 80 år.  Og den som vart heilt utsolt, var messa sin yngste:

Kor mange som lagar byggotti dei neste vekene, veit  me ikkje, men den store gryta var tom då festen var over, og alle posene med prøver på bygg var borte.  Av 10 kakar var det eit lite stykke att.  Då sto begge oppryddinga og oppvask igjen.  Vel blåst og takk til dei som sto bak både planleggjing,  og for- og etterarbeidet!

Tradisjon: Huglatre på plass

 

Tekstil var godt representert

 

 

Gjesteutstiller Johanne Langeland