Huglaren Rebekka Nordtveit er student ved lærarhøgskulen HSH, der ho går tredje året på praktisk estetisk lærarutdanning. Denne våren fekk ho tilbod om å ta praksis i Sør-Afrika. Rebekka som er glad i å reise, tok i veg til Sør-Afrika i februar. Der budde ho hjå ein familie i fire veker, og arbeidde ved ein indisk skule. Familien ho budde hjå var inderar, og ho fekk innsyn i indisk tradisjon og kultur. Ho blei teken varmt imot, og dei var svært gjestfrie, og ho fekk delta både i dåp og bryllaup. Opphaldet var ei kjempeerfaring.
![skolepraksis_i_sor_afrika_1](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2010/03/skolepraksis_i_sor_afrika_1-500x250.jpg)
Del dette innlegget