Som dei fleste veit, var det ikkje lov til å ha radio under siste verdskrigen. Men som vanleg når det kom forbod, vart det vist stor kreativitet for å omgå forbodet. Nokon hadde radio i støvsugaren sin, m.a. Og radioen var ein slags “dugnad” den, som mykje anna. Der det var sendingar, samla det seg folk (som trudde dei var usynlege der dei seig i same retning). På Huglo var det først radio på fjøslemen på Røssbø, så fann ein ut at den var det for mange som visste om, og radioen vart flytta ut. Framleis var den for “synleg”, så den vart til sist flytta til “Radiohola” i lia over garden på Røssbø, der ein framleis ser restane etter aktiviteten der. Sendingane frå London var på kveldstid, og det kunne vera 7-8-9 karar som sat og lydde og kunne fortalja nytt etterpå. Berre karfolk, vert det fortald, inga kvinnfolk. Men “alle” ungane visste òg godt kor radiohola var. Dette kan tyda på at okupasjonsmakta sin kontroll ikkje var særleg sterk på Huglo, sidan dette gjekk godt.
Radioen måtte ha batteri, som ikkje alltid var like lett å skaffa til veie. Nokon kjende ein radioreparatør på Stord, og fekk han til å laga eit stort batteri av flate lommelyktbatteri.
Nyhende fra London, nyhende som ikkje var sensurert av krigsmakta, var nok særs viktig for å halda oppe optimismen og samhaldet nordmenn imellom i desse vanskelege åra. Dei av huglo.no sine lesarar som opplevde krigen, har kanskje ei og anna historie å fortelja, anten om radiobruk eller anna frå kvardagslivet?
Radio montert i støvsugar? Kanskje det òg førekom, men ikkje på Huglo. Der var det vel knapt nokon som visste kva ein støvsugar var, på den tida. Og eg tvilar sterkt på om nokon ungar visste om den radioen som dei siste par krigsåra var gøymd i Kalvaholo i Neset på Røssbø. Me som var ungar på garden då, visste det iallfall ikkje. Kva ein radio var for noko, fekk me først veta den 8.mai 1945.
Eg hugsar godt om kvelden den 7. mai. Det var i florstida, men ingen vaksne var i floren, der dei eigentleg skulle vera på den tida. Ikkje såg me dei andre stader heller. Me la no ikkje stort brett på det, Marit og eg var ute og leika i det fine veret. Men så såg me brått ein heil flokk koma opp vegen frå Neset, til og med mor hadde stukke seg vekk og var med dei, såg me. Dei var svært blide og glade, og sa at no hadde “tussen i skogen” sagt at krigen skulle vera slutt dagen etter. Eg tenkte med meg at dette hadde me høyrt så ofte, at dei trudde krigen snart var slutt, så eg trudde helst at “tussen” hadde fortalt dei ei stor skrøne.