I desse travle eksamensdagar kan det kanskje passe med ei god eksamenskake? Ei god anledning for slitne elevar som les i finveret! Sjølv om kaka fint kan etast av dei som ikkje har eksamen også. Kos dykk :)
Eksamenskake
Makron botn
4 eggekviter
250gr. malte mandlar
250gr. Melis
Bland melis og malte mandlar i ei skål, stivpisk eggekvitene og bland det forsiktig inn i melisblandinga. Hell røra i ei smurt form og steik botnen i ca 30 min. på 200⁰c.
Topping
1pk. Kremfløyte
3 bananer
½ plate kokesjokolade
Skjer bananene i skiver og dekk den avkjølte makronbotnen med desse, spar ca ei halv banan. Pisk krem, og smør den oppå bananene. Skjer opp resten av banana, og hakk opp ei halv plate kokesjokolade og pynt kaka med det.