Raude-bua i rette hender

Laurdag inviterte Elin til kaffe og kake i det litle, raude naustet (?) på Nordhuglo.  “Naustet” har ei mangfoldig historie, frå før 1930 då Birger Lunde dreiv butikk der, så overtok Adine Sørli butikken medan familien bodde i Sisselhuset.  Ca. tidleg på 1935 flytte familien, med taus, inn i den raude bua .  I juli vart yngste sonen i familien født i huset, då budde det 8 mennesker der  – og butikken var framleis i drift.

I 1938 flytta familien og Adine sin butikk inn i eigedomen på kaien, der Huglabutiikken AS er i dag.  Det raude huset vart utleid til fyrst ein familie, og så til ein student, før Lars Åge, eigaren, tok over huset som naust og “guteværelse”.

Omsider vart Lundetunet selt, og Elin kjøpte båthuset.  Ikkje mange andre hadde sett kva dette uisolerte, forsømte bygget kunne restaurerast til. Ved hjelp av lokale snekkarar og hennar eige og mannen sitt arbeide, er huset totalrenovert – og det med stor respekt for huset sin eigenart og alder.  Mykje av det gamle er teke vare på , og huset er pussa opp i nydelege, duse fargar. I tillegg har Elin samla og fått gjenstander som dei eldste av oss kjenner att, ting som glir naturleg inn.

Enno manglar kloakk-tilknytning og innlagt vann – men det kjem når Stord kommune tek seg tid til å sjå på søknaden.  Laurdag inviterte Elin alle som ville, til å koma og sjå kva huset hadde blitt til – og i tillegg kosa seg med kaffe og  Anna Sigrid sin vidgjetne bakst.  Her falt det mange gode ord om det som var gjort, og Arne på 86 år kunne fortelja gamle historiar fra huset og Huglo.  Her tar me med at den litle ramma på tidlegare butikkvegg der det står “Arnes sjokoladehol” før var eit hol i veggen,  der Adine stappa inn ein sjokoladebit til yngste sonen sin når han vart for uroleg i butikken sin opningstid.

Arnes sjokoladehol