VON??

Når dei eldre på Huglo kjem saman og snakkar om “gamle dagar”, vert bøkene som heitte “VON” ofte nemt.  Det var Huglo Ungdomslag som laga bøkene.  Medlemmene kunne skriva historier i VON, som så vart lese opp når det var fest.

Spørsmålet er :  Kor er VON-bøkene no?  Kven har tatt vare på dei?  Dette er lokal  kulturhistorie som ein kan ta fram igjen – kanskje på eit eldretreff?

Den eller dei som har ei eller fleire av VON-bøkene, kan senda ein melding til Arne Sørli, tlf. 47357835.  Tusen takk!