Målet med restaureringa av Bygdahuset er, foruten at det skal vera eit samlingspunkt der huglarane trivst, er at det skal kunne leigast ut til organisasjonar, skuleklassar og andre, og slik tene pengar til å dekka eigne utgifter. Dei som har vore på møte i Grendahuset, har vel oppdaga at ikkje berra møterommet, men óg gymsalen har fått varmepumper! Det er ikkje til å kome fra at det har vore opp og ned med temperaturen både på møter og trening. Det skal det nå vera slutt på, ein treng ikkje kle på seg ekstra for å vera på Eldretreff.
Mellombygget er kvitt lukta av muggsopp med alt som vart gjort med taket, småromma der er nymåla og begge toilettene skal skiftast ut. Pengane som kom inn på basaren, kjem godt med. Det er dyrt å ha fagfolk til å arbeide for seg, men det er slett ikkje alt som kan gjerast på dugnad. Enda står det mykje arbeide att, men det går framover!