1901 fekk Huglo for fyrste gong post og postansvarleg. Det var Johannes Huglen. Det er usikkert om posten vart levert rundt, eller om folk måtte henta han. Då Johannes gav seg, overtok sonen, Samson. Han sykla posten rundt “sørafor”, dei på Nordhuglo henta posten sjølv. Etter ein mannsalder tok sonen hans, Johannes, over og var postmann til sonen hans, vår nåverande Samson hadde posten ei tid, til Eli fekk jobben og sto i han eit heilt yrkesliv, heilt til 1.juli i fjor. No er posten tilbake til der han starta: Samson er tilbake som den nye postmannen vår!
Det går mange historiar om post og folk, her skal me berre fortelja ein frå Johannes, far til nåvenrande Samson si tid: Det var Bjarne, som alle huglarar kjende, som hadde jobben med å henta posten på ferja og bera han opp til Johannes. For det pleide han få 25 øre i betaling, i løn. Men så hadde han ikkje fått løna si på ei stund. Bjarne grubla på korleis han skulle få sagt noko om saka, men han var for finsleg og veloppdragen til å spørre Johannes direkte etter pengar. Så da han kom med postsekken og det ikkje såg ut til å dukka opp nokon 25øring i dag heller, bøygde han seg ned over hunden til Johannes som låg der, og spurde så Johannes måtte høyra det: “Og du, Bikkja, får du løn?” Me reknar med at historia hadde ein lukkeleg slutt.