Utroleg så mykje som samlar seg på eit lite år! Som vanleg vart mange av SIM sine containare fulle og mange hus og hagar og gardstun ryddigare. Reine vårpussen! Men det er ikkje til å koma forbi at det ennå er godt synlege stader på øyo som kunne trengt ein oppshining før 17. mai og turistsesongen. Vi vil ha ei vakker og fint stelt øy. Store maskinar og store grushaugar og mykje søle er ein overgang, når den perioden er avslutta kan me kanskje få rydda anna synleg rot og “mellombels lagra” overskotsmateriale óg?
Del dette innlegget