Søndag 22. april var det igjen søndagskafè på Huglo. Denne gongen var det bedehuset som var arrangør.
Dei frammøtte kunne kjøpe seg gode kaker, vafler, saft og kaffi, og som alltid når det er kafè på Huglo, så var det eit breidt utval i mange gode kaker. Ein kunne til og med smake på fiken og dadlar frå Israel!
Det vart og song og musikk, ord for dagen, ei enkel utlodning med spanande gevinstar og ei bildeframsyning frå vårblomstringstur til Israel i mars.