Nytt på nytt laurdag 20. februar 2010:
Komitéen som har arbeidd med kommunedelplanen for Huglo, var i Bergen på torsdag, 18.d.m., i møte med fylkesmannen. Dei drøfta dei punkta det ikkje er semje om, utan at det vart gjort nokon vedtak eller gjeve nokre løfte.
Følg med, følg med, siste ordet er ikkje sagt!
* * * *
4. februar 2010
Tore Bjelland gjev følgjande informasjon:
“Etter framdriftsplanen skulle kommunedelplanen slutthandsamast i desember 2009. I høyringsprosessen kom det inn fleire motsegner frå fylkesmann og fylkeskommune. Det tyder at kommunestyret ikkje kan slutthandsama planen ved eigengodkjenning før motsegnene er borte. Motsegnene er i stor grad retta mot inngrep i strandsona sine urørde område på land.
Kommunen prøver no å få til eit drøftingsmøte med sentrale regionale organ med tanke på å drøfta nærare grunnlaget for motsegnene og finna løysingar der desse fell bort. Eventuelt lyt det til mekling.
I beste fall kan vi få planen slutthandsama i april i år i kommunestyret.”