Denne unge skarven sat i går på Samson-brygga utan planar om å flytta på seg. Innimellom slo den ut vengjene slik skarvar gjer for å turka dei. Det kvite brystet tyder på at det er ein heilt ung fugl – kanskje hadde ikkje mora rukke å fortelja han at menneskene ikkje er til å lita på, at det var smartare å tørka vengjene ute på holmane? Eller var det måsen Halvor jr. som hadde sagt fra om at her var det fisk å få? Vitjinga varte ikkje så lenge, men artig var det å sjå ein skarv så nære.
Del dette innlegget