Så hende det me alle er litt redde for, og som ikkje skal skje:
Leif og Bjørn sat i solveggen og drøste, men til all lukka hadde de augene med seg og såg flammane i bakken litt forbi Breivikjo, på austsida av Huglavikjo. Og sjølvsagt var det norleg solgangsbris! God arbeidsfordeling: Den eine ringte 110 og den andre Erik W samstundes som dei sprang til for å vera med i brannvernet. Det tok ikkje mange minuttane, så var fyrste gyllevogna på plass, og den neste kom like etter.
Det frivillege brannvernet på Huglo er særs effektivt: Dei hadde fylt gyllevognane med vatn i går – berre sånn for sikkerheits skuld!! Då brannbilane kom med ferja ein drøy halvtime seinare, var brannen sløkt, og brannsjefen var den einaste som kjøyrde på land, for å sjå til om det trengtes etterslokking. Det gjorde det ikkje, Huglo Brannvern hadde, som mange ganger før, berga øyo frå ein stor katastrofe.