Snart startar badesesongen!

Kor mange snøflekkar er det no?
Kor mange snøflekkar er det no?

Frå gamalt av gjeld det at når det berre er sju snøflekkar att i Storafjellet, kan ein starta sjøbadesesongen.  Det ser ut til at det enno berre gjeld bading for dei heilt spesielt interesserte, sjølv om me nesten har hatt føling med sumaren sida påsketider.  Men kanskje det er på tide å tørrtrena på å få dratt på seg badedrakten – eller ynskje seg ein ny?  Fælt som sånne kledesplagg krympar ved vinterlagring!!