Etter så mykje regn og mørke og iskald vind, så me glømte å smile og helst ville vore bjørn så me kunne gå i hi og sleppe full oljehyre for å gå på butikken: No skin sola! Og det skal ho gjere i fleire dagar! Folk me treffer på vegen, ser annleis ut i anletet, blidare, og har tid til å slå av ein prat – sjølvsagt om sola! Dette er me ikkje van med.
Plutseleg ser me oss rundt i staden for berre å hasta i hus, me oppdagar kor fint det er på Huglo, både landskap og utsikt, og alle dei små, fine detaljane. Me kjenner korleis batteria vert lada og tiltakslysta kjem.
No er det godt å vera menneske på Huglo!