Stord kommune teknisk etat informerar

Prosjektleiar Carl Ove Larsen og eimimgsleiar Roy Sverre Amundsen, Stord kummune

IMG_4989

Einingsleiar Carl Ove Larsen informerte

Interessa er sjølvsagt stor for kva all grøftegravinga på Nordhuglo og Tveit har å seia for dei som vert berørt.  Ca. 20 personar møtte opp på informasjonsmøte med einingsleiar Roy Sverre Amundsen og prosjektleiar Carl Ove Larsen.

Mange sat nok igjen med spørsmål dei ikkje hadde fått svar på, særleg om kostnadene. Men noko vart klart:

  • Kommunen legg ned kloakkummar og slamavsilare (drenskummar)
  • I kummane vert det montert utlaup som dei private huseigarane knytar seg til
  • Kloakklaupet frå kommunal kum til hus vert å betale for huseigar
  • Dei som må montera pumpe, må dekka utgifta sjølv
  • Det er mulig at fleire kan gå saman om ei pumpe, ev ei felles tilknytning
  • Tilknyting til offentleg kloakk er lovpålagt når dette er lagt til rette for
  • Kommunen tilretteleggjar for eit kloakkutslepp i sjø med moglegheit for vidare tilknyting i staden for mange private løysingar.
  • Kommunen vil ikkje overta ansvaret for vedlikehald av “bitte små pumpestasjonar”
  • Fritidseigedom utan reguleringsplan kan ikkje tvangstilknytast
  • Kommunen tilbyr seg å vera konsulent/rådgjevar ved fellesløysingar av tilknyting
  • Private møter avtalast med prosjektleiar Carl Ove Larsen
  • På Tveit står prosjektet på stedet kvil i påvente av konservator, p.g.a. fornminne
  • På det viste kartet er alt utanom det grøne feltet, pumpeområde
  • Arbeidet teknisk etat gjer, er berekna ferdig 13.mars.

IMG_4992