Sjølv om korpset spela den eine sommarmelodien etter den andre på Nordhuglo laurdag, klarte dei ikkje å lokke tilbake sommarværet frå dagane før. Dei frammøtte sette likevel stor pris på både musikken og grillmaten.
Det har blitt ein tradisjon dei siste åra for korpset på Huglo å halde konsert utanfor butikken på forsommaren. Konserten har vore populær blant huglafolket, og sjølv om det vart ein kaldare konsert enn åra før, tok likevel mange turen til Nordhuglo denne laurdagen. Det var sal av grillmat, og til slutt var det eit lite lynlotteri.
Korpset spelte songar frå eit nyinnkjøpt hefte med kjente og kjære vårsongar.
Å nei! Eg var ikke der!