I dette huset bur det, etter folkemunne, eit spøkelse. Det var eit eldre kvinnfolk som gjekk igjen, sa dei som hadde greie på det. På seine kveldar kunne folk som gjekk forbi, høyra at nokon gjekk ikring der inne i tresko. Johannes Tveit, som på den tida var eigar av huset, var ein flink snekker, han hadde ein liten verkstad der. Ein gong fekk han – Johannes – så mykje arbeide at han leide Knut til å hjelpa seg med snekringa. Knut jobba alltid om kveldane. Ein kveld vart spøkelset lei av at han var der, fortalde Knut. ” Høvelbenken rista og høvelspona gauv”, sa Knut etterpå. Då vart han så fælen at han la på sprang heim og han snekra aldri meir i det huset.
Seinare ein gong sto Johannes på butikken og fortalde om spøkeriet og at han sjølv hadde høyrt at nokon gjekk omkring der inne i huset.. Adina Sørli sa at det sikkert var rotter han hadde høyrd. Då svarte Johannes: “Har du nokon gong høyrt rottå gå i tresko, du?”