St.Hans feiring i godver

Ikkje var det kaldt, og ikkje var det regn – det vart ein flott St. Hans-kveld på Huglo.

Fotballkamp med blanda lag

Fyrst fotballkampen, som før var mellom huglarar og hyttefolk.  Nå vart det “godt og blanda”, med minst to generasjonar på banen, og minst ein meter i høgdeforskjell på spelarane, og alle var like ivrige.   Dei spelte med oppmuntring frå eit meir og mindre oppmerksamt publikum.  Resulatet vart anten 11-2 eller 12-2 eller 13-2, ikkje alle var like sikre på tellinga.  Men moro var det!!

Medbrakt grill i trillebår

Så var det tid for bål og grill og treff på Leiro.  Dugnadsgjengen hadde slått graset og rydda og stabla bålet.  “Alle” var der, nokon hadde med eigen grill og stolar, nokon nytta fellesen, og alle var vel nøgde med denne forma.  Fellesgrillen var glovarm, bålet brann fint og praten gjekk kanskje om anna enn korona på ein så fin kveld.

Takk til dugnadsgjengen, og takk til alle som kom!

Huglo sin yngste innbyggar, 2 mnd gamal, var ikkje heilt nøgd heile tida

Her løyser veteranane dagens problem for resten av verda

Krabbeteina gjerast klar