Det gjekk gale då bossbilen skulle hente huglabosset i dag, men hjelpemannskap var raskt på plass. Sjåføren slapp med skrekken, det var berre ein ventil på undersida av bilen som vart øydelagt. SIM lova å sende ny bil for å tøma dei bossspanna som vart ståande att i denne omgangen.