Regnveret på biletet er det same, gamle me er vane med. Men no skal granane bort! Dei vart planta for ca. 70 år sidan, då styresmaktane fekk idèen om at skogplanting måtte vera fine greier. Mange eldre på Huglo hugsar at dei fekk fri frå teoriskuledagen for å planta skog. Og granane drivdes og vaks med rekortfart. For eit par år sidan vart holmane befridde for granskogen, no er det døgndrift og store, hurtigarbeidande maskiner som skal rydda opp på sjølve Huglo. Maskinane vart bestilte før Nina rydda/rota godt opp. Korleis vert Huglo sjåande ut etter denne “barberinga”?
Del dette innlegget