Høghus

Her har skjæra prøvd å koma seg unna måren, etter to år der skjæreungane vart mat for mårungane.  Me held pusten kvar gong det kjem eit vindpust, og håpar at kulingen lar venta på seg til ungane er klekte og flygeklåre.  Det skal ikkje meir enn ein “flau vind” før huset svaiar farleg mykje.  Undrast om skjæreungar vert sjøsjuke?