Tradisjonell 17. mai på Huglo

hurraStarten på feiringa er sjølvsagt førebuingane:  Bygdalaget vil setja ned ein hurtigarbeidande komitè, og vonar at dei som vert spurde, tek imot utfordringa.  Det vert ryddedag på skulen, ute og inne, og dette er planlagt til mandag 11. mai.  Det kjem plakat om dette seinare.

Me kan gle oss til korpsmusikk til toget i år og!  Albert seier at dei skal stilla musikanter nok til at det vert 17. mai musikk.

Elles vert folk oppmoda til å koma med idèar og innspel til 17. mai-komitèen.