Huglo Bygdekvinnelag inviterte til strandrydding i Ørevikjo sist mandag. 6 bygdekvinner og 2 hyttefolk møtte opp, og det vart rydda 10 sekkar plastavfall og mykje anna søppel (plast) som ikkje passa i sekk. Alt vart lasta opp i båt og frakta til kaia på Nordhuglo. Ryddinga vart avslutta med kosestund i sola med kaffe og nybakte boller. Alt vel og bra så langt.
Så gjalt det å tøma båten og få rette vesen til å ta imot alt som var samla. Det var ikkje enkelt! Kommunen ville ikkje ha noko med saka å gjera – dei skulle kanskje ha ein ryddeaksjon i september (!). Friluftsrådet Vest “kunne ta det med ein gong dei var på dei kantar . . . ” og på SIM måtte ein vera registrert på førehand, sjølv frakta søpla ut og for all del ringja på førehand om det passa at søpla kom. Då tok dei imot gratis.
Neste skritt var å kontakta avisa Sunnhordland. Då journalisten ringte Friluftsrådet, kunne dei henta neste dag! Altså før måker og kråker hadde reve i stykker sekkane og strødd plasten utover kaia. Flott. Men då hadde me allereie ei avtale med huglarar som kunne kjøyra til SIM med hengjar – etter at me hadde registrert oss.
Ørevikjo er no fint rydda. Men for nye aksjonar – og dei trengs óg: Hugs registrering på SIM si nettside, klåre sekkjar så SIM kan kontrollera kva som er i dei, avtal med huglar med drakrok og hengjar, og ring på førehand. Korsvikjo ventar!