No er nok sommaren over for denne gong. Men det er fortsatt mykje som skjer på Huglo utover hausten. Viborg-basaren, bedehusbasaren, skule-jubileum, opning av bronsealdergravrøysa, og havrettsaften er berre noko av det som me kan få me oss på Huglo i løpet av dei neste månadane.
Men viss du er ein av dei som synest sommaren har gått alt for fort, så får du her eit tilbakeblikk på det som har skjedd på Huglo og her på huglo.no i løpet av sommaren 2011.
23. juli var det tradisjonell St. Hans-feiring på Nordhuglo med fotballkamp på Leirvikestølen, og bål og sal av grillmat på Leiro. Sjølv om været ikkje var heilt på topp, så var det likevell mange som var kom og hadde ein kjekk kveld.
2. juli var det klart for den årlege bryggedansen til ungdomslaget. Men været gjorde sitt til at dansen måtte flyttast innandørs i Fjellheim.
23. juli vart “Varden-opp!” arrangert, og som i fjor var været rimeleg dårleg. Men deltakarane var sporty, og lot ikkje regnet stoppe dei. Det var mange som tok turen til Varden denne dagen. Kristin Mürer Stemland vant med tida 14:47.
Været var bra til å begynne med, men så kom det ei stor regnbyge som gjorde at det blei ganske intimt inni dei tre store telta som var sette opp. Etter kvart letta regnet, og Andrea Rice kunne gjennomføre konserten sin.
Sjølv om byga som slo til på hugladagen var ganske ekstrem, så vart det om mogeleg enda meir vatn som regna ned om kvelden. Det førte til at fleire av grusvegane rundt på øya vart meir eller mindre øydelagd av vassmassane. Dei to bileta under er frå vegen ned til Tveitevågen.
Ny ferjelem vart det òg. No ventar me berre på den nye ferja.
Det har vore ein variert og kjekk sommar med mange arrangement og mykje vær! Men sommaren på Huglo har vore like fin som alltid.
flott artikkel.!
-ingenting er som ein sommar på Huglo B-)