No er det godt med torsk i sjøen! Hiv ut eit garn, så har du middager for fleire dagar, få ein torsk av ein god nabo – eller kjøp fryst eller fersk. Torsk er i tillegg til kjempegod mat, sunn og lett no før det store etegildet i jula. Her kjem eit alternativ til den kokte (der det er umtrent umogleg å få heile stykker opp av gryta dersom han er sprellfersk):
I eit eldfast fat smeltar du ein del smør saman med litt mjølk av det slag du har. Så legg du f.esk. gulerøter skårne i små stavar, purre i ringar, persillerot og/eller masse hakka persille, kjørvel eller kva du har for handa, strør på litt salt. Oppå legg du torskeskiver, litt meir salt og så gjerne meir persille. Ha lokk på fatet, eller folie, set inn i omnen på 200 grader på same tid som du set på potetene. 5 minutt før potetene er ferdige, strør du små tomater over fisken. Middagen er klar! Maten ser delikat ut med gode fargar (torsk er veldig kvit på kvite tallerkener), stykkene er heile og fine og restane lar seg omdanna til verdens beste fiskegrateng med litt mjøljevning og eit par egg.