Tradisjonell St. Hans feiring

Dugnadsgjengen i Huglo Idrettslag hadde gjort – og gjorde – ein stor innsats, slik at St. Hansfeiringa vart ein flott markering.  Tradisjonell, men med fleire folk samla enn nokon gong tidlegare!

IMG_5245 (2)

Det starta med fotballkamp, to lag med 10 spelarar i kvart lag:  “De med vest” og “Dei utan vest”.  Publikum, som òg var opptatt av kvarandre og nyhende på øyo, var litt usikre på sluttresultatet, det vart påstått at “De utan vest” vann 5 – 1.

IMG_5251

Og presis kl. 19.30 vart bålet tent.  Då hadde det allereie samla seg ein laaang kø foran grillen.  Det vart seld ein stad mellom 80 og 100 hamburgarar, pluss pølser i ventetida, då det måtte hentas ekstra forsyning av hamburgarar.  Ingen såg ut til å bry seg om det dryste litt vått ovanfrå, små og store og eldre såg ut til å kosa seg med både mat og leik og vassing og drøs.  Og bålet var slik laga at det brann godt og lenge, utan fare for skogbrann.

Endelig mat!
Endeleg mat!

Tusen takk til dugnadsgjengen!