Dugnadsgjengen i Huglo Idrettslag hadde gjort – og gjorde – ein stor innsats, slik at St. Hansfeiringa vart ein flott markering. Tradisjonell, men med fleire folk samla enn nokon gong tidlegare!
Det starta med fotballkamp, to lag med 10 spelarar i kvart lag: “De med vest” og “Dei utan vest”. Publikum, som òg var opptatt av kvarandre og nyhende på øyo, var litt usikre på sluttresultatet, det vart påstått at “De utan vest” vann 5 – 1.
Og presis kl. 19.30 vart bålet tent. Då hadde det allereie samla seg ein laaang kø foran grillen. Det vart seld ein stad mellom 80 og 100 hamburgarar, pluss pølser i ventetida, då det måtte hentas ekstra forsyning av hamburgarar. Ingen såg ut til å bry seg om det dryste litt vått ovanfrå, små og store og eldre såg ut til å kosa seg med både mat og leik og vassing og drøs. Og bålet var slik laga at det brann godt og lenge, utan fare for skogbrann.
Tusen takk til dugnadsgjengen!