Sjølvsagt er det troll på Huglo! Så mange fine stader å bu for ein trollfamilie som her skal ein – eller trolla – leita lenge etter. Me ser dei ikkje så ofte – dei tåler jo ikkje solskin, helst ikkje dagslys. Biletet visar ein stakkar som ikkje rakk heim før sola rann. Han er dømt til å stå der i vasskanten til evig tid. Nokra andre familiemedlemar ser ut til å ha vore like forseinka, så han har heldigvis lag. Vil du sjå han, kan du ta ein tur ut Huglavegen og Berrføtevegen mot steinbråtet. Men gå stille, det kan vera fleire troll i nærleiken! Heldigvis er det berre snille, godslege troll på Huglo – ingen har vel høyrt at nokon har vore plaga, skæmt eller skada av trolla? Dei vil berre vera i fred og koma seg heim før sola renn.
Stikkord: Troll
Del dette innlegget