Den årlege turorienteringa på Huglo startar på påskeaften, laurdag 3. april. Alle dei 25 postane er lagd ut og innteikna på kart. Karta kan du kjøpe på Huglabutikken for 75 kr. Idrettslaget vonar at alle får flotte turar i skog og mark på Huglo i leiting etter postar. Du kan vinne gullmerke viss du klarar å få 85% av total poengsum, sølvmerke viss du klarar å få 60 % og bronsemereke viss du klarar 35 %.
Dei som klarar å ta alle postane to år på rad får ei flott drikkeflaske med HIL gravering! Alle som deltek er i tillegg med i trekninga av ei kake.
Turorientering er kjempegøy! Fleire enn dei “faste” burde prøva seg. Kor er hyttefolket?