Turorienteringa 2016

Post nr 6
Post nr 6

I 2016 var det 162 personar som tok del i turorienteringa på Huglo.  Tilsaman dei to siste åra har 257 vore ute og teke ein eller fleire postar.  Dette er altså eit sers populært tiltak,  mange har glede av arbeidet som medlemmar av Huglo Idrettslag legg ned.  Medaljeoversikten for 2016 syner 20 gullmedaljer, 5 sølv og 17 bronse.  Vel blåst!

Idrettslaget har ein del namn på lista si som dei ikkje har adressa/tlf nr til.  Dei kan ta kontakt med formann i Idrettslaget, Lars Olai, larsolai1@gmail.com, for å få medaljene sine:

Guld:  Berit Straume, Konstanse Bjelland, Nils Straume, Torstein Wiberg, Vibeke B. Albertsen Lars Stemland, Asgeir Albertsen, Morten Albertsen.

Sølv:  Åge Johansen, Tor Magne Albertsen

Bronse: Kjell Eide, Elin Ekeberg.

Nå gler me oss til påske, til dei nye postane ligg ute!