18 personar løp og eller gjekk Varden opp i strålande sol – men tildels særs vått underlag. Flott innsats av alle! Besteresultatet lå nokre minuttar bak gjeldande rekort, det var Birk Elde som løp til topps på tida 19.27. Damene var ikkje langt bak, fyrst av dem var Mathilde Caldwell med tida 22.19. Av barna var Ulrik raskast, han vart klokka inn på 25.16. Her var mange kommande toppløparar blant barna, det viktigste var å delta, og tida for barn varierte mellom Ulrik sin tid og 56.30. Og alle var enige om at det var ein fin tur.
Generalen for Varden opp hadde ein idé og at neste år kunne ein invitera Stord Idrettslag – eller skal det berre vera eit heilt lokalt arrangement?
Kristian og Sjur nyter premien sin. Det viktigaste er å delta!